Pålogging

Hjem arrow Medlemsforum
Medlemsforum
Velkommen, Gjest
Vennligst Logg inn eller Registrer deg.    Glemt passord?
Hei alle pellisvenner på Sørlandet og elles ! (1 visning) (1) Guest
Gå til bunnen Legg inn svar Foretrukket: 0
TRÅD: Hei alle pellisvenner på Sørlandet og elles !
#13905
annto (Bruker)
Godt i gang
Innlegg: 26
graphgraph
Ikke pålogget Klikk her for å se brukerens profil
Hei alle pellisvenner på Sørlandet og elles ! 6 måneder, 1 uke siden  
Hei!
Ja, nå er det allerede blitt mars, og pelargonia-sesongen er vel så smått i gong for fullt.
Har så vidt starta i drivhuset etter ein fimbulvinter eg knapt kan hugsa maken til. Heldigvis blei overvintringsdelen i drivhuset,i god tid før kulda beit seg fast og nekta og sleppa taket, isolert og klargjort for vinteren etter alle kunstens reglar: tjukke isoporplater og bobleplast og med industrivifta på alt i november. Først for fukt, seinare for varme. Og det har halde. Litt for godt, kanskje. For ein god del planter har takka for seg, særleg duftpelargoniar og primærhybridar. Litt trist, for dette var store, fine planter eg har hatt i 10- 15 år, og/eller har sådd sjølv i si tid. Dei få villartene har stort sett klart seg, ant. pga kviletid. Dei som har klart seg best, er zonalene. Hausten for 1 1/2 år sidan, oppdaga eg eit gedigent rotlusangrep. Eg til pers med krigsblandinga mi : Olje vatn, zalo og raudsprit og full spyling av røtene, nye, reine potter og ny jord. I fjor vår var det framleis ein del som hadde, så då var det på an igjen. Nokre få fekk behandling i haust, før overvintring. Trur faktisk eg er kvitt lusa. Men det eg er begynt å lura på nå, er om den nye jorda dei fekk( plante -jord iblanda ein god del sand) pluss at veldig mange fekk leirpotter, har gjort at mange rett og slett har tørka ut. Før har eg brukt plantejord, berre med litt sand/ ev. kattesand og plastikkpotter. Har aldri hatt problem med overvintring før. Nokre få er det alltid som går ut, men ikkje slik som i år. Eller er det ei blanding av alt: streng vinter og sprengkulde i mest 3 mnd med varme på heile tida og tørr luft? Vatning har vore som normalt. Nå er det slik at eg uansett hadde tenkt å trappa ned på samlinga mi, men hadde liksom tenkt å bestemma sjølv korleis eg skulle gjera det. Må vel prøva å få tak i nye av dei eg var mest glad i, i alle fall. Optimisten i meg gir ikkje opp. Nå gler eg meg til vår og varmare dagar. Ha ei god pellistid framover, nyt lyset og sola som stig høgare på himmelen for kvar dag!
Mvh
annto
 
Rapporter til moderator   IP loggført IP loggført  
  Du må være innlogget for å skrive i forumet.
      Tråder Forfatter Dato
    emo
Hei alle pellisvenner på Sørlandet og elles !
annto 07/03/2010 09:56
    thread link
thread linkthread link Sv:Hei alle pellisvenner på Sørlandet og elles !
elisabeth 03/04/2010 15:45
Gå til toppen Legg inn svar
Forumløsning : FireBoardfå nye innlegg direkte til ditt skrivebord
© 2010 Pelargoniumnettet
Joomla! is Free Software released under the GNU/GPL License.